Den hemmelege hagen

LederRoverEit suggerande rollespel.





I ein ny og fartsfylt versjon av Burnetts 100 år gamle barnebok-klassikar er det kreative teamet bak Jungelboka tilbake. Den hemmelege hagen er forvandla til eit mørkt og uforutseieleg spelunivers med suggererande fantasiar. Framsyninga er spekka med spesialeffektar og referansar til rollespel som World of Warcraft og Super Mario og filmar som Matrix og Twilight.

Lyst til å bli med å se dette stykket? Går du inn på Dooodle innen mandag 13. september kl 17 er du med å påvirke hvilken dato vi velger.



Mary Lennox kjem foreldrelaus attende til England etter at begge foreldra døyr i eit jordskjelv i India. Ho skal bu hos den søkkrike onkelen sin, Archibald Craven, som har skapt seg ei formue på å utvikle dataspel. Slik blir den 100 år gamle barnebokklassikaren sett inn i vår tid. Men temaet er det same; barnas ustoppelege kreativitet og trong til å utforske det løyndomsfulle og forbodne, det som vaksenverda vil stenge dei ute frå.

Onkel Craven ber på ei stor sorg. Han mista den unge, vakre kona si i barselseng. Gjennom spel og fiksjonar blir sonen Colin skjerma mot den brutale realiteten. Han lever sitt liv i eit digert herskapshus framfor skjermar og spelkonsoll. Mary bryt seg inn i dette isolatat, og saman utfordrar søskenbarna reglane i spelet, ”rundar” spelet, avslører ”bossen” og sprenger grensene mellom spel og verkeleg liv.

Nydramatiseringa erstattar det overgrodde og løyndomsfulle villniset av ein hage med dataspelets suggererande fantasiar og uføreseielege logikk. Men målet er det same gamle, å sleppe lyset inn i ei forstokka vaksenverd.

Stykket speles på Det norske teatret, hovudscenen. I hovudrolla Heidi Ruud Ellingsen. Familieframsyning - tilrådd frå 11 år.

Priser:
Kr 190,- ungdom t.o.m. 16 år/studentpris
Kr 305,- OBOS-pris (inntil 2 billettar pr medlem)
Kr 380,- normalpris